Elektrifiserte fly

Elfly avinor

Eitt av dei sannsynlege tiltaka for å redusere utslepp av klimagassar er elektrifisering av alle delar av luftfarten, inkludert drift av infrastruktur som bygg og anlegg, motorisert ferdsel på lufthamnene og sjølve flytrafikken.

Gode føresetnader i Noreg

Med eit allereie etablert marknad for korte flygingar med små fly, betydeleg erfaring og stor interesse for elektrifisering av transport, samt tilnærma 100 prosent fornybar elektrisitet, er Noreg i ein unik posisjon til å ta i bruk elektrifiserte fly.

Elektrifiserte fly blir definerte som fly som har ein eller fleire elektriske motorar for framdrift i lufta. Elektrisiteten som driv motorane kan kome frå ulike kjelder: batteri, brenselceller eller hybridløysingar. Basert på informasjon Avinor har henta inn frå flyprodusentane, er det realistisk å anta at dei første elektrifiserte flya kan vere i test- og utviklingsbasert trafikk på kortbanenettet i Noreg kring 2026, at dei første flyrutene kan vere elektrifiserte frå 2027–28, og i større omfang i ordinær rutetrafikk frå om lag 2030. Norske luftfartsaktørar si satsing på elektrifisering av luftfarten har vekt stor merksemd både nasjonalt og internasjonalt.

Fleire flyprodusentar ser på Noreg som eit aktuelt marknad for dei første elektrifiserte passasjerflya, som er venta å vere små og ha avgrensa rekkevidde.

Legg til rette for infrastruktur

Avinor sin visjon er at innanrikstrafikken i Noreg skal vere elektrifisert i 2040, og selskapet har eit ansvar for å leggje til rette for denne utviklinga, særleg med omsyn til ladekapasitet og annan infrastruktur på lufthamnene. Avinor har difor etablert eit eige internt program som skal leggje til rette for nye energiberarar (lading og hydrogen) for framtidas flyflåtar på selskapet sine lufthamner.

Avinor kartla allereie i 2020 dagens og framtidig elkraftkapasitet på selskapet sine lufthamner. Kartlegginga blir løpande oppdatert. I samband med førebuande arbeid til ny Nasjonal transportplan har Avinor anslått at kostnadene, gjeve ei rekkje føresetnader, knytt til ladekapasitet til luftfartøy på Avinor sine lufthamner fram til 2040, ligg i storleiksorden 1,6 milliardar kroner. I 2022 gjennomførte DNV – på oppdrag frå Avinor – ei kartlegging av framtidige hydrogenleveransar til Avinor sine lufthamner. Analysearbeidet knytt til hydrogen vil bli vidareført og utvida i 2023.

Tett bransjesamarbeid

I 2021 mottok Avinor og Norges Luftsportforbund (NLF) ein Pipistrel Velis Electro, verdas første typesertifiserte batterielektriske fly. At det er typesertifisert av dei europeiske luftfartsstyresmaktene, tyder mellom anna at det kan brukast til pilotopplæring. Flyet blir drive i eit samarbeidsprosjekt mellom Avinor, NLF, SAS, Widerøe og klimastiftinga ZERO. I 2022 vart det gjennomført ei rekkje demonstrasjonsflygingar med flyet, og prosjektet vil bli vidareført i 2023.